
Vikingen frå 900-talet
…omlag slik kan ein sjå for seg at utsikta er, der vikingen framleis ligg i branngrava under den store hengebøken midt i tunet.
I 1929 var det gjort funn i ei grasgrodd gravrøys, ved ein bergnabb der vasskanten låg før vatnet vart senka og eit større område dyrka.
Arkeologar frå museumet i Berget undersøkte og avdekte ei branngrav. Funna i grava er datert til tidleg jarnalder, omtal 900-talet. Pilspissane fortel at det er ein god jeger som er gravlagt der, sigden fordel at han også var ein god bonde. Sverd, øks og skjoldbul vitnar om at han var ein rik mann og ein krigar. Desse eigedelane ligg no på Sunnmøre museum.
Men mannen ligg framleis og voktar tunet han ein gong regjerte over.