Melkekyr og «vill spelsau» held gardsdrifta i sving og kulturlandskapet i hevd

Med 16 melkekyr og omlag 40 vinterfora sauer er det full drift på gardsbruket.

Kyr og ungdyr får tilbringe sommarane i fjellet på Øverberg og sauene trålar dalsida på nordsida av Saurdalsvatnet.

Særmerkte to- og firbeinte personlegdomar

  • Geitost & co

    Gutta krutt i eine gamle-silobingen som skal få prøve seg som avlsoksar 2024/2025. Kjekk og lun trio - med von om like trivelege avkom.

  • Mr. Banan og damene

    Nye tilskot i 2024! Banan er sjefshanen, og med seg har han ein liten assisterande og fire damer. Kanskje ikkje dei mest produktive kreka - men likevel artige!

  • 30005 Twix

    Reinkarnasjonen av sjølveste Jonas. Tilflyttar fra Bøstranda hausten 2024 og den utvalde til å eige farskapet til vonleg 60-70 nye saurdalingar i åra som kjem.

  • 40039 Smiley

    Født i 2024 - og er den første til å stikke fram haudet når vi kjem for å snakke med dei. Med eit tålmod og eit diskret smil som lett lokkar til seg merksemd.

  • 0672 Myra

    Fekk namnet sitt etter eit slitsomt møte med eit myrhol. Takka vere seint nattesarbeid, gode naboar og ei gravemaskin fekk ho halde fram ferieopphaldet på fjellet sommaren 2020.

  • 20023 Josefine

    Trivdes godt i tunet, var ikkje framand for å ta med seg årets avkom og stikke innom. Sjølv om det eigentleg var feriemodus langt oppunder Fuglehaude på resten av flokken. Gamal vart ho.

  • 60001 Jonas

    60001 Jonas

    Reinrasa spælsau og den førstefødte i slekta på Brudevoll gard. Kom til Rasmusgarden med stamtavla si i 2016 og fekk seinare mange etterkomarar. Endte sine dagar i eit uhell i beitet. Men levningar kan framleis observerast i tunet.

  • 0666 August

    Sjeldan har ein kastrert okse fått så mykje merksemd og siste kvelden før avreise vore så kjenslelada. Viten om returskinn fekk roa ned situasjonen. Bror til Augusta.

  • 00000 Kosen

    Søye som har vore litt i utakt heile livet. Moglegvis resultatet av dårleg mor, menneskeerstatta omsorg og påfylgjande svakt utvikla saue-eigenskapar. Her frå trillingsfødsel lisjejulaftan 2022. Omgjengeleg sjel som får halde fram med å vere eit avvik frå resten av flokken.

  • 0739 Brutus Bamse

    Avlsokse i 2024. Elskar brød.

  • 2005 Pepper Pus

    Tilflyttar frå Lauvtad. Kjekk kar som var kjælen som ein katt med kvinner, tøffa seg litt meir mot menn. Rakk å få minst 80 avkom før han var sendt til slakt. Ein bitter fotnote i foteljinga om Pepper er at slakteppgjeret vart på usle 32 øre. Sånn er altså verda.

  • Ugle-flokken

    Er vel strengt talt to-beinte. Men må likevel nemnast. Månadsskifte mai/juni er alltid litt krevjande med tanke på omsynet av klønete uglekyllingar som brukar tunet som treningsområde.