
17. generasjon
I dag er det Rolf Åge og kona Ane som driftar Rasmusgarden.
Framleis tradisjonelt gardsbruk med melkeproduksjon.
I 2024/2025 gjennomfører vi eit stort ombyggingsprosjekt, og hausten 2025 kjem dyra heim frå sommarferie til det dei vil oppleve som ein splitter ny fjøs - lys og romsleg og med melkerobot. Denne moderniseringa gjer det mogleg å drifte garden på berekraftig vis inn i framtidige generasjonar.
Rolf Åge er utdanna tømrar og anleggsmaskinreparatør, og er heiltidsbonde. Ane arbeider innan offentleg forvaltning.